Kort fortalt

Netthandelen til himmels

Kraftig vekst på Vestlandet.

28.02.2021

Netthandelen eksploderte i Oslo-regionen under nedstenginga i januar. Men størst auke sidan i fjor har Stavanger med heile 619 prosent.

Etter at Oslo-regionen stengde ned etter mutasjonsutbrotet i Nordre Follo, auka talet på transaksjonar i nettbutikkar med 208 prosent i Oslo i veke 4 samanlikna med same veke i fjor, viser tal frå DNB.

Også resten av storbyane har opplevd ein kraftig auke i netthandlinga.

– Viss ein samanliknar med nedstenginga i mars 2020, har kundane vorte betydeleg flinkare til å hoppe over på netthandel no. Det har vorte ei hurtigdigitalisering, og det er størst auke blant dei eldre, seier Ine Oftedahl, direktør for datatransformasjon i DNB, til NTB.

I same periode sokk butikkhandlinga i Oslo med 94 prosent.

Bransjar som daglegvare, apotek og liknande som framleis heldt ope under nedstenginga, er ikkje omfatta.

– Så fort det kjem ei nedstenging, er det alt som handlar om heimeaktivitetar som aukar mest, slik som oppussing, interiør og hobbygjenstandar, seier Oftedahl.

– Vi treng òg meir heime, så sportsutstyr, men også elektroutstyr, går det meir av. Det same gjeld alt av god mat som kan lagast heime, seier ho.

Størst vekst i talet på transaksjonar i nettbutikkar har Stavanger, der det var ein auke på heile 619 prosent i veke 6 samanlikna med same veke året før. Handlinga i fysiske butikkar sokk med 20 prosent.

– Stavanger lèt seg ofte påverke av det som skjer i andre storbyar, sjølv om dei ikkje har dei same tiltaka. Om det er for å førebu seg eller om dei blir påverka av media, er uvisst, seier Oftedahl.

I Bergen, som fekk innført strenge nasjonale tiltak søndag 7. februar, steig netthandlinga med 344 prosent i den veka, medan butikkhandlinga hadde ein nedgang på 98 prosent.

Eit tal som overraskar, er at fleire handla i butikk i Trondheim i veke 6 i år enn i fjor, nemleg før koronapandemien. Auken var på 2 prosent.

– Trondheim lever litt sitt eige liv og har gjort det gjennom heile krisa, så dei følgjer ikkje heilt trenden i resten av landet. Dei har både klatra på fysisk handel og netthandel, opplyser Oftedahl.

Sjølv om fleire handla i butikk, auka netthandlinga òg markant. Auken var på 147 prosent.

I Nordre Follo, der mutasjonsutbrotet starta, sokk handelen i butikk med 100 prosent i veka etter nedstenginga. Netthandelen steig med 178 prosent.

Sterk auke på nett var det òg i Asker (143 prosent), Bærum (117) og Drammen (126). I desse kommunane gjekk butikkhandlinga ned med høvesvis 61, 68 og 46 prosent.

Publisert: 28.02.2021 15:50

Sist oppdatert: 28.02.2021 15:51