(NPK): Forbrukarombodet ventar svar frå Canal Digital og Get om når dei skal slutte å tvinga kundane til å betala for fjernsyn om dei berre ønskjer breiband.
Selskapa lovde å kutta tvangssalet innan utgangen av 2016, og sidan fristen nærmar seg utan klare teikn til endring frå selskapa, bed ombodet om eit møte.
Lovnaden gjorde at Forbrukarombodet ikkje tok saka vidare til Marknadsrådet, og difor ventar ombodet at dei gjer som dei seier.
– Kundane har krav på god informasjon om kva for valmoglegheiter dei har og kva kvart enkelt produkt kostar, seier fungerande forbrukarombod Bente Øverli. (©NPK)

Publisert: 10.10.2016 18:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44