Kort fortalt

NHO ber fleire bruke munnbind

NHO ber om koronatiltak for å hindre ny nedstenging.

11.11.2021

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner det må setjast i verk tiltak for å halde samfunnet ope. Blant tiltaka dei foreslår, er bruk av munnbind.

– NHO meiner at regjeringa både må sørgje for hyppigare grensekontroll og reetablere teststasjonar på dei mest trafikkerte grenseovergangane utover Storskog og Svinesund, seier direktør for arbeidsliv Nina Melsom i NHO.

Ho opplyser òg at NHOs medlemmer ønskjer å samarbeide med kommunar og private leverandørar slik at fleire arbeidstakarar får tilbod om å bli vaksinert.

– Kommunar med høg eller aukande smitte bør innføre koronasertifikat der fleire menneske samlast, til dømes på restaurantar og konsertar. Ein bør heller innføre krav om koronasertifikat enn å innføre einmetersregelen igjen, seier ho.

Melsom poengterer òg bruken av munnbind. Ho meiner kommunar med høg eller aukande smitte bør innføre bruk av munnbind på stader der ein ikkje kan halde tilstrekkeleg avstand.

Tidlegare denne veka vart det kjend at mellom anna Tromsø og Trondheim innfører koronarestriksjonar etter større smittehopp. Begge kommunane har mellom anna vedteke bruk av munnbind i kollektivtrafikken.

Tromsø har òg innført krav om bordservering på serveringsstader og på arrangement som har skjenkjeløyve.

Publisert: 11.11.2021 10:50

Sist oppdatert: 11.11.2021 10:52

Mer om