Kort fortalt

NHO krev gransking av omsorgskvalitet

Vil ha dokumentert kvaliteten på tenestene.

20.03.2019
NPK-NTB: NHO krev at alle omsorgsinstitusjonar i Noreg blir granska for å sikre at dei leverer kvalitet på tenestene sine.
– Pasientar, brukarar og pårørande har veldig lita moglegheit til å vite om den institusjonen dei er avhengige av, faktisk leverer på det nivået dei skal, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel til .
Kaltenborn seier dei ønsker gransking uavhengig om det er ein privat, statleg eller kommunal institusjon.
Det er få kommunar som i detalj måler kvaliteten på tenestene ved institusjonane sine, ifølgje kanalen. NHO ønsker at regjeringa innfører nye kvalitetsmålingar.
– Kommunane har sjølv eit ansvar, samtidig meiner vi at regjeringa må prioritere og koordinere desse kvalitetsindikatorane, slik at det er dei same i heile landet. Berre då vil ein kunne samanlikne truverdige tal, seier Kaltenborn.

Publisert: 20.03.2019 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35