Kort fortalt

NHO kritisk til nytt pensjonsforslag

Usamd med regjeringa.

19.03.2019
NPK-NTB: NHO ønsker ikkje at bedriftene skal få ansvaret for koordineringa av tidlegare pensjonsfond dei tilsette har.
Regjeringa vil at alle tilsette i privat sektor skal ha sin eigen pensjonskonto der alle pensjonsmidlane frå alle tilsettingsforhold blir samla opp.
Dette skal gi folk betre oversikt over pensjonen sin, og gjer at ein slepp å betale forvaltings- og administrasjonsgebyr til fleire ulike pensjonsordningar.
NHO støttar forslaget om ein slik pensjonskonto, men er kritiske til at det er arbeidsgivar som skal ha hovudansvaret for informasjon om kontoen til dei tilsette, skriv Finansavisen.
Dei meiner at dette vil føre til at arbeidsgivar får innsyn i privatøkonomien til den tilsette. NHO ser òg problem med at mange små bedrifter vil få problem med eit slikt koordineringsansvar.
– Den typiske norske bedrifta har under 20 tilsette. Der er administrasjonen liten, og stort sett utan kompetanse på pensjonsspørsmål, seier avdelingsdirektør for pensjon og forsikring Kristin Diserud Mildal i NHO til avisa.
Arbeidsgivarorganisasjonen foreslår saman med Finans Norge i staden at tenestepensjonsleverandørar frå tidlegare arbeidsforhold må gi ein aktiv frist, om ein vil flytte midlane sine til leverandøren noverande arbeidsgivar nyttar.

Publisert: 19.03.2019 13:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35