NHO-misnøye med Vestre
Har ikkje redusert byråkratiet.
NPK-NTB: Berre 0,3 prosent av NHOs medlemsbedrifter meiner at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) klarer å redusere byråkratibyrda for næringslivet.
Regjeringa har lova å gjere forenklingar for næringslivet verd 11 milliardar kroner og har så langt kutta for knapt 2 milliardar. NHO-bedriftene gir Vestre strykkarakter, melder Dagens Næringsliv.
– Så godt som ingen av NHOs medlemsbedrifter meiner at byråkratiet for næringslivet har gått ned dei siste åra, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.
63 prosent av bedriftene seier at byråkratibyrda har auka. Vestre seier at regjeringa er i gang med å berekne effekten av tiltaka som er sette i verk, og at målet om 11 milliardar i innsparingar i 2025 står seg.
Publisert: 09.11.2023 10:42
Sist oppdatert: 09.11.2023 10:42