Kort fortalt

NHO: Rentetoppen er nådd

Meiner renta skal ned etter sommaren.

12.12.2023

(NPK-NTB-Peter Tálos): Fall i forbruk og framleis nedgang i byggjebransjen betyr truleg at rentetoppen er nådd, meiner NHO. Dei ventar at renta skal kuttast igjen etter neste sommar.

Høg inflasjon og høge renter har ramma norske hushald hardt. Konsekvensane vil strekkje seg vidare inn i 2024 og åra framover, går det fram av NHO-rapporten om økonomiske utsikter som vart lagd fram tysdag.

Det vil ta tid å bringe prisveksten ned mot målet, heiter det i rapporten som gir prognosar på ei rekke område for 2024 og fram mot 2026.

– Rentenivået verkar no dempande på forbruk og investeringar og dempar veksten i fastlandsøkonomien. Med positiv realrente verkar pengepolitikken no innstrammande på norsk økonomi. Etter kvart som aktiviteten og prisveksten minkar, ventar vi at renta blir sett ned etter sommaren til neste år, skriv ekspertane i NHO.

Mot slutten av 2026 reknar NHO med at renta skal ha gått ned frå dagens 4,25 prosent og ned til 3,25 prosent.

– Etter sterk vekst ut av pandemien, har inflasjons- og rentesjokk ført til ein meir avdempa vekst i industrilanda dei siste to åra. No synest inflasjonen å ha passert toppen, skriv NHO.

Nedgangen innan bustadinvesteringar er venta å falle med heile 15 prosent i inneverande år. For neste år blir det litt mindre dramatisk, men framleis anslår økonomane i NHO eit ytterlegare fall på 11 prosent i 2024.

Den svake kronekursen så langt har vore ein stor fordel for delar av norsk eksportnæring, særleg for lakseselskapa. Andre som er avhengige av import i produksjonen, har derimot måtta ta omsyn til auka prisar og svekte marginar.

NHO reknar likevel med at krona skal styrke seg noko, noko som igjen vil presse renta ytterlege ned.

Publisert: 12.12.2023 11:41

Sist oppdatert: 12.12.2023 11:41

Mer om