Kort fortalt

NHO-sjefen utolmodig om straumstøtte

Fleire løysingar ligg på bordet.

23.08.2022

(NPK-NTB): NHO-sjef Ole Erik Almlid er utolmodig etter å få på plass straumstøtta, men har førebels ikkje fått gjennomslag for at ordninga skal ha tilbakeverkande kraft.

– Det bør dreie seg om dagar og ikkje veker, vi bør ha ei løysing på plass ganske raskt. Men vi har eit behov for å gjere dette ordentleg, så får vi sjå kvar vi er om nokre dagar, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid etter straumstøttemøtet med statsminister Jonas Gahr Støre, næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik tysdag.

Han seier at det ligg fleire skisser på bordet.

– Det eg kan seie, er at det er fleire løysingar som ligg på bordet, og det er også mogleg å sjå kombinasjonar av dei ulike løysingane, seier han.

Han vil ikkje kommentere om NHOs krav er på linje med LOs.

– Eg vil ikkje kommentere på det før vi er i mål, seier han.

NHO ønskjer at straumstøtteordninga skal ha tilbakeverkande kraft frå 1. september, men har førebels ikkje fått gjennomslag for dette.

– No jobbar vi med fleire løysingar. Vi vil først sjå kva vi kan konkludere med før vi går vidare. Tilbakeverkande kraft er viktig for mange bedrifter. Dei står i det no, og mange har stått i det lenge, heilt sidan i vinter, og kjem til å stå i ei krise framover som er endå større. Derfor må vi sjå på tilbakeverkande kraft.

(©NPK)

Publisert: 23.08.2022 21:11

Sist oppdatert: 23.08.2022 21:12

Mer om