Kort fortalt

Ni av ti har fått skatteoppgjeret

Nær 4,4 millionar norske lønnstakarar og pensjonistar har no fått skatteoppgjeret sitt.

04.07.2022

Til saman er det utbetalt nær 30 milliardar kroner i skatt til gode.

Har du ikkje fått skatteoppgjeret ditt enno, får du det tidlegast 17. august, opplyser Skatteetaten i ei pressemelding. Etter denne datoen blir oppgjera sende ut fortløpande etter kvart som dei blir ferdige.

– Vi jobbar fortløpande med å bli ferdige med skatteoppgjera, men som alltid går føre seg arbeidet utover hausten og det er nokon som må vente lengre enn andre, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.

Dei vanlegaste grunnane til at ein ikkje har fått skatteoppgjeret, har at ein har vorte teken ut i tilfeldig kontroll, at ein har komplisert skattemelding eller er gift med ein som er næringsdrivande.

Det er også berre dei som har levert skattemeldinga innan fristen, som har fått skatteoppgjeret tidlegare enn 29. juni.

Publisert: 04.07.2022 09:26

Sist oppdatert: 04.07.2022 09:27

Mer om