Kort fortalt

Ni berga etter skyssbåt forliste

Verftsdirektør letta etter ulukke.

31.05.2023

Politiet veit ikkje kva som var årsaka til at ein båt med ni personar gjekk ned i Tomrefjorden tysdag.

Det skriv NRK Møre og Romsdal etter ein bergingsaksjon tysdag kveld.

Skyssbåten skulle frakte personell frå Vard Langsten-verftet ut til ei av dei nybygde kystvaktskipa, då den starta å ta inn vatn. Alle ni om bord blei berga opp av sjøen og brakt til sjukehus utan alvorlege skader.

– Heldigvis fekk sjåføren varsla Mayday. Det trur eg var avgjerande for at det gjekk bra, slik det ser ut no, seier verftsdirektør Ronny Langseth til NRK om hendinga.

Skyssbåten var av typen Nord Star 31 og politiet vil gjere avhøyr av dei involverte for å finne ut kva som har skjedd.

Publisert: 31.05.2023 08:10

Sist oppdatert: 31.05.2023 08:10

Mer om