(NPK-NTB): Havforskingsinstituttet vil vite meir om nisa si rolle i økosystemet og utlovar ein dusør på tusen kroner per eksemplar av småkvalarten.
Sjølv om nisa er ein av dei vanlegaste småkvalartane langs norskekysten, har havforskarane enno ikkje kartlagt rolla til arten i kystøkosystemet, altså korleis den både påverkar og blir påverka av andre artar.
– Det er derfor vi ønskjer å få inn niser som har gått på fiskereiskapar og drukna, det vere seg på garn eller andre reiskapar. Vi ønskjer oss heile dyr, fordi vi skal gjere omfattande undersøkingar av dei for å finne ut kva dei et, korleis dei blir påverka av miljøgifter, kva som skjer med dei når det oppstår endringar i økosystemet og så vidare, seier havforskar Ulf Lindstrøm .
Tidlegare kartleggingar har vist at det blir teke rundt 3.000 niser som bifangst i ulike typar fiske, først og fremst i garn.
Nisa bli sett oftast i flokkar på to til fem individ. Den kan bli opp mot to meter lang og truleg i overkant av 20 år. Namnet er norrønt og betyr «snøftande» etter pustelyden den lagar i vatnet. I Sverige blir den elles kalla for tumlare, medan danskane har døypt den dansk marsvin. (©NPK)

Publisert: 14.09.2016 09:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44