Kort fortalt

NJFF seier nei til nye vindkraftverk

Vil sikre naturmangfaldet.

NPK
15.11.2021

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) vil ha sterkare vern av naturmangfaldet og krev mellom anna nasjonale rammer for hyttebygging og nei til vidare utbygging av landbasert vindkraft i Noreg.

Landsmøtet i NJFF denne helga vedtok fleire krav om tiltak for å sikre naturmangfaldet.

– Verda står i ei naturkrise som må takast like mykje på alvor som klimakrisa, skriv NJFF.

NJFF krev at tilgangen til strandsona blir sikra langs heile kysten, og at kommunane no set ein endeleg stoppar for nedbygginga av strandsona rundt Oslofjorden og langs Skagerak-kysten.

Landsmøtet ber òg regjeringa om å restaurere kystbekker, innlandsvassdrag og vatn, slik at dei kjem så nært den naturlege tilstanden som mogleg. Oslofjorden treng òg tiltak for å komme i økologisk balanse.

Publisert: 15.11.2021 11:43

Sist oppdatert: 15.11.2021 11:45

Mer om