Ferje samferdsel transport foto Marius Rosbach 11
INNFØRER REGLAR: Det kan for gå ei kule varmt for ferjepassasjerar som opplever at bommen går ned akkurat idet dei kjem ned til kaien. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

No innfører reiarlaga ferjevettreglar

Er leie av uhøflege passasjerar.

27.03.2024

(NPK): Ferjemannskap er leie av uhøflege passasjerar. No kjem ti reglar som skal gjera ferjeturen til ei betre oppleving for både passasjer og kontrollør.

– Me vil auka kompetansen blant våre reisande slik at folk oppfører seg annleis mot våre tilsette, seier Rebecca Liset i Fjord1 til NRK.

Også Norled har bestemt seg for å la reglane rulla over skjermane sine, stadfestar hovudtillitsvald Ilja Vasiljevs i Norled. Han trur det kan bidra til at passasjerar tenker seg om før dei tek til å skjella ut dei tilsette om bord.

For dei tilsette på ferja er ikkje framande for å bli kjefta huda full. NRK har tidlegare skrive om Simon-Emiil Waage som har jobba som kaibillettør på Sognefjorden i to somrar og fått høyra ei rekke ukvemsord.

– Eg har blitt kalla idiot, eg har fått skulda for at folk ikkje rekk ferja, og eg har blitt kalla nazist, fordi eg bad ein bil om å vente til neste avgang.

– Men om desse reglane vil endra haldningane til folk, vil berre tida visa, seier Vasiljevs.

Dette er ferjevettreglane:

  • Ver hyggeleg og vis respekt for mannskap og medpassasjerar.
  • Følg alltid signal og instruksar frå mannskap, dette er viktig for din eigen tryggleik og for logistikken om bord.
  • Gå forsiktig på dekk, her kan det vera glatt, særleg ved is og regn.
  • Hald deg i rekkverket i trapper, slik unngår du fallskadar.
  • Ver ein ansvarleg sjåfør. Mobilbruk bak rattet og born på fanget er ulovleg og gjer deg uoppmerksam.
  • Slå av motor og sett på handbrekk/parkmodus under overfart.
  • Skru av alle utvendige lys på bilen, lyset kan blenda navigatøren på brua.
  • Skru av bilalarm, alarmen kan skada høyrselen til mannskap og passasjerar i tillegg til å skremma born og dyr.
  • Pass på born og dyr under heile overfarten. Mindre born skal ikkje gå åleine på dekk og kjæledyr skal haldast i band eller stå i bur.
  • Ikkje kast avfall over bord, bruk avfallshandteringa vår.

(©NPK)

Publisert: 27.03.2024 12:17

Sist oppdatert: 27.03.2024 12:17

Mer om