Kort fortalt

Nordea forventar åtte rentehevingar

Trur styringsrenta er 3,5 prosent om to år.

15.03.2022

Nordea forventar at Noregs Bank hevar renta åtte gonger dei neste to åra og at styringsrenta dermed endar på 2,5 prosent ved utgangen av 2023.

Fire rentehevingar i år og fire neste år er spådommen frå Nordeas økonomar Dane Cekov, Kjetil Olsen og Lars Mouland.

Dette er ein oppgang frå førre anslag på til saman seks rentehevingar og ei styringsrente på 2 prosent i 2023.

Blant årsakene er at det no går betre med norsk økonomi enn det Noregs Bank trudde ville vere tilfelle i desember, då omikronvarianten av koronaviruset gjorde sitt inntog. Arbeidsløysa var i slutten av februar på 2,1 prosent, medan Noregs Bank ikkje trudde han ville gå ned til dette nivået før om eit år.

– Høgare underliggjande inflasjon enn 2 prosent og solid økonomisk vekst betyr at det er behov for innstrammande pengepolitikk framover, skriv dei tre i rapporten sin.

Norsk økonomi har nådd kokepunktet, meiner økonomane.

Regjeringa starta måndag arbeidet med statsbudsjettet for 2023. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa i samband med dette at det no er på tide å halde igjen.

– Vi er heldige som har ein økonomi i sterk oppgang, men då betyr det for oss som skal lage statsbudsjett, at vi må halde igjen, sa han.

Regjeringa fryktar overoppheting av økonomien og ein prisvekst som skal tvinge Noregs Bank til å auke rentene meir enn planlagt.

Publisert: 15.03.2022 12:29

Sist oppdatert: 15.03.2022 12:31

Mer om