Kort fortalt
Nordea trur styringsrenta må opp
Høgare inflasjon enn venta.
10.02.2023
(NPK-NTB): Nordea meiner styringsrenta må hevast ytterlegare som følgje av høge inflasjonstal. I januar enda inflasjonen i Noreg høgare enn Noregs Bank hadde spådd.
Inflasjonen i steg til 7 prosent i januar, noko som var godt over Noregs Banks spådom om 5,9 prosent.
I ei pressemelding skriv Nordea at inflasjonshoppet krev at også styringsrenta blir ytterlegare heva. Dei meiner renta først bør nå toppen når han når 3,25 prosent.
Noregs Bank heldt styringsrenta uendra på 2,75 prosent i januar. Både Sverige og Danmark har på si side heva styringsrenta.
(©NPK)
Publisert: 10.02.2023 09:17
Sist oppdatert: 10.02.2023 09:18