Kort fortalt

Nordic Mining med underskot på 100 millionar

Gruveselskapet leverte sine første inntekter i andre kvartal.

19.08.2025

(NPK-NTB): Gruveselskapet Nordic Mining hadde for første gong inntekter i andre kvartal, men driftsunderskotet var på 100 millionar kroner.

– Dette er ein spennande fase for oss. Selskapet jobbar vidare med å auke kapasiteten og mineralutbyttet, seier administrerande direktør Finn Ivar Marum i Nordic Mining i ei pressemelding.

Gruveselskapet rapporterte tysdag sine første inntekter på 2,7 millionar kroner i andre kvartal. Inntektene kom frå sal av dei to første granatleveransane frå mineralanlegget på Engebø ved Førdefjorden.

Samtidig hadde selskapet eit driftsunderskot på 103,4 millionar kroner i andre kvartal.

Sidan 2008 har miljørørsla kjempa for å hindre at Nordic Mining skal kunne deponere gruveavfall frå verksemda si ved Førdefjorden i Vestland. Totalt er det snakk om 170 millionar tonn.

Lagmannsretten konkluderte tidlegare i august med at gruveavfall-dumpinga er ulovleg. Staten vurderer om dei skal anke dommen til Høgsterett.

– Nordic Mining er ikkje part i saka, og dommen er dermed ikkje bindande for oss, opplyste Nordic Mining i e-post til NTB.

– Vi forheld oss til dei løyva vi har og held fram med produksjonen vår av mineral, skreiv direktør Marum.

(©NPK)

Publisert: 19.08.2025 11:30

Sist oppdatert: 19.08.2025 11:30

Mer om