Kort fortalt

Vi brukar mykje pengar i sommar

Auke frå førre «normalår».

25.07.2022
(NPK-NTB): I år, den første normale sommaren sidan pandemien, har nordmenn brukt 12,5 milliardar kroner. Det er ein auke på 7 prosent frå normalåret 2019.


– I sommar har vi nok sett skylappane på, vi har ikkje lyst til å tenkje for mykje på kva som kjem til hausten, seier direktør for datatransformasjon Ine Oftedahl i DNB til E24.

Tal frå DNB-kundars kortforbruk, i perioden 20. juni til 17. juli, viser at nordmenn har drege kortet for 12,5 milliardar kroner, og 2,6 milliardar vart lagt igjen i utlandet.

Oftedahl meiner forbruket ikkje kan halde fram på sikt, og at mange allereie kan kjenne på effektane frå prisvekst, rentehevingar, og høgare straum- og drivstoffprisar.

– Den kortbruken vi no ser er ikkje berekraftig over tid, då gir vi opp det vi har av sparepengar, så dei aller flest må justere litt ned når hausten kjem, seier ho.

Landet der DNB-kundane har svidd av mest pengar tidlegare i år har vore Sverige, men for første gong vippar Spania nabolandet av trona.

DNBs kortdata viser at kundane har drege kortet for 429 millionar kroner i Spania i sommarferien. Sverige ligg på andreplass der nordmenn har hatt eit forbruk på 412 millionar kroner. Danmark er på tredjeplass på utanlandsdestinasjonar.

(©NPK)

Publisert: 25.07.2022 10:30

Sist oppdatert: 26.07.2022 09:00

Mer om