NPK-NTB: Nordmenn hadde i 2017 mellom 8 og 16 prosent større forbruk enn dei nordiske naboane våre, og vart berre slått av innbyggarane i Luxembourg.
Medan luxembourgarane hadde eit personleg forbruk på 32 prosent over EU-snittet, låg nordmenn 27 prosent over, ifølgje den europeiske kjøpekraftsundersøkinga for 2017, formidla av .
Vi bruker mindre enn andre land på restaurant og hotell, og alkohol og tobakk, men 42 prosent meir enn EU-snittet på rekreasjon og kultur.
I undersøkinga blir prisar for varer og tenester retta mot hushald registrerte. Resultata blir brukte til å justere prisnivået i nasjonalrekneskapen i landa.
Islendingane brukte klart mest pengar på mat og alkoholfrie drikkevarer i 2017, med 36 prosent meir enn gjennomsnittet. I Noreg var forbruket av mat og drikkevarer 4 prosent under EU-snittet.
Kor mykje varer og tenester eit hushald forbrukar blir påverka av lønn, skattenivå, tilgang og prisar på varer og tenester. I land med høgt BNP per innbyggar er ofte forbruket til innbyggarane også høgt.

Publisert: 18.03.2019 10:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35