Kort fortalt

Nordmenn skeptiske til økonomien

Fryktar svekka kjøpekraft det næraste året.

15.02.2024

(NPK-NTB): Nordmenn ser mørkt på eigen økonomi og fryktar svekka kjøpekraft det næraste året. Fleirtalet tviler også på at renta vil bli lågare ved utgangen av året, viser ei ny undersøking.

Berre to av ti nordmenn (21 prosent) trur at eiga kjøpekraft og/eller økonomi vil bli betre dei neste tolv månadene. Heile 33 prosent trur ho blir dårlegare, medan 39 prosent svarer at dei trur ho blir uendra.

40 prosent av dei spurde trur styringsrenta til Noregs Bank – som no ligg på 4,5 prosent – vil vere lågare ved utgangen av året, medan 23 prosent trur ho vil stige og 26 prosent trur at ho vil liggje på same nivå.

Tala kjem fram i ei fersk undersøking frå Opinions samfunnsmonitor.

– Det at fleire nordmenn forventar å få dårlegare økonomi framover, er eit pessimistisk signal og vitnar om ei betydeleg økonomisk uro i befolkninga, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ho peikar på at både politikarar og økonomar har snakka om forventningar til auka kjøpekraft i år, og dessutan at rentetoppen truleg er nådd. Likevel merkar folk 14 renteaukar på rad, og at til dømes matvareprisane i januar låg 8,8 prosent høgare enn for eitt år sidan.

Tal frå Statistisk sentralbyrå som kom onsdag, viste også ei svak utvikling i norsk økonomi, med ei tilnærma flat utvikling gjennom 2023 og ein vekst på berre 0,2 prosent i fjerde kvartal.

I undersøkinga svarer også 29 prosent at dei i stor grad er bekymra for sin eigen økonomi for tida, medan 43 prosent svarer at dei i lita grad er bekymra. Spesielt den yngre delen av befolkninga er bekymra, blant 30-åringane er heile 49 prosent bekymra i stor grad.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache vil torsdag kveld halde Noregs Banks tradisjonsrike årstale om økonomiske perspektiv.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2024 07:58

Sist oppdatert: 15.02.2024 10:07

Mer om