Noreg har færrast unge gründerar
Ny undersøking av 45 land.
(NPK-NTB): Under fem prosent av 18–34-åringane er involverte i entreprenørskap i Noreg. Det viser ei fersk undersøking.
Noreg hamnar dermed på botnen av lista blant dei 45 landa som er med i undersøkinga, der andelen unge gründerar i oppstartsbedrifter er kartlagd.
Undersøkinga er gjennomført av Global Entrepreneurship Monitor (GEM).
Talet på unge gründerar i Noreg har vore lågt i fleire år og har no falle endå meir. Berre 4,7 prosent i aldersgruppa 18 til 34 år er involverte i gründerselskap.
Canada, USA og Sverige er landa med flest unge gründerar. I Canada er unge gründerar involverte i høvesvis 31 prosent av oppstartsbedriftene.
Den norske delen av undersøkinga er gjennomført av Handelshøgskolen Nord universitet med finansiering frå Innovasjon Noreg.
(©NTB)
Publisert: 24.04.2024 19:10
Sist oppdatert: 24.04.2024 19:10