Kort fortalt

- Noreg må leite etter meir olje

Det meiner Høgre og Frp.

02.03.2022

Krigen i Ukraina og det nye forholdet mellom Europa og Russland gjer at Noreg må leite etter meir olje og gass no, meiner Høgre og Frp.

– Det har vore eit Europa som har vore avhengig av russisk gass, seier Frps Terje Halleland.

– Det er sjølvsagt ei frykt i EU for at Russland vil strupe gass endå meir. Vi må ha ambisjon om å bidra med forsyningstryggleik i Europa, seier Ove Trellevik i Høgre.

Regjeringa og SV har avtalt at 26. konsesjonsrunde ikkje blir noko av i 2022, men det er framleis leiteverksemd gjennom TFO-ordninga.

– Det viktigaste vi gjer no, er å halde fram med å vere den stabile leverandøren som vi er, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) til NRK. Ho seier avtalen med SV står fast, men understrekar at det ikkje betyr at aktiviteten skal setjast på vent.

Persen påpeikar at Frp-forslaget om likevel å gjennomføre konsesjonsrunden ikkje raskt vil gi meir gassutvinning.

– Dei nummererte konsesjonsrundane som Frp etterlyser, dei skjer i mindre utforska område der det normalt vil ta mykje lengre tid å vinne ut ressursar enn i dei områda som vi no har opne, seier Persen.

– OM vi ikkje leitar, finn vi ingenting, svarer Halleland.

Publisert: 02.03.2022 08:06

Sist oppdatert: 02.03.2022 08:07