NPK: Noreg er blant landa i Europa der størst del av befolkninga deltar på kurs, konferansar og seminar, fortel Statistisk sentralbyrå.
Over halvparten av alle vaksne i alderen 25–64 har gått på kurs og seminar dei siste 12 månadene, viser resultat frå den europeiske undersøkinga om læring blant vaksne.
Med 55 prosent deltaking i såkalla ikkje-formell opplæring, ligg Noreg i europatoppen. Berre Sverige, Austerrike, Nederland og Sveits har endå større del deltakarar, og i Sveits har så mykje som to tredelar fått opplæring siste 12 månader.
I den andre enden av skalaen finn vi land i Aust-Europa. I Romania deltok berre 6 prosent av alle vaksne på kurs og seminar, og i Hellas er tilsvarande tal 14 prosent. I alle dei austeuropeiske landa var deltakinga under 50 prosent, med unntak av Ungarn.

Publisert: 13.02.2019 08:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36