Ole Erik Almlid Foto Marius Rosbach 11
ÅTVARER: Eigarskattlegginga i Noreg har blitt så høg at det vil «ramme heile det norske samfunnet sterkt» dersom dagens skattenivå blir ståande, seier NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid. Foto: MARIUS ROSBACH
Kort fortalt

Noreg på skattetoppen i OECD

Ny rapport viser svekka norsk eierskao - NHO-sjefen slår alarm.

25.11.2024

(NPK-NTB): På få år har eigarskattlegginga for nordmenn med over 20 millionar kroner i formue vorte dobla, og Noreg ligg no på skattetoppen i OECD, ifølgje ein ny rapport.

NHO-sjef Ole Erik Almlid seier til Dagens Næringsliv at eigarskattlegginga i Noreg har vorte så høg at det vil «ramme heile det norske samfunnet sterkt» dersom dagens skattenivå blir ståande.

Rapporten, utarbeidd av Menon Economics på oppdrag frå NHO, samanfattar «dagens kunnskap om eigarskattlegginga i Noreg», inkludert selskapsskatt, utbytteskatt og formuesskatt.

Den finn at summen av selskaps- og utbytteskatt har auka med nesten fem prosentpoeng til 51,5 prosent på to år.

For dei med formuar over 20 millionar kroner har formuesskatten auka med 88 prosent sidan 2021. Tek ein høgd for at eigarar må finansiere formuesskatten med utbytte og gevinstar, blir den samla auken i eigarskattlegginga på 107 prosent, ifølgje rapporten, som først vart omtalt av Finansavisen søndag.

Rapporten blir lagd fram til debatt under NHOs eigarkonferanse i Oslo måndag.

– Medan andre land har gått den andre vegen, er Noreg veldig åleine om å auke eigarskattlegginga kraftig. Det rammar private eigarar, men over tid vil dette også ramme heile det norske samfunnet sterkt, åtvarar Almlid.

(©NPK)

Publisert: 25.11.2024 09:42

Sist oppdatert: 25.11.2024 09:46

Mer om