Kort fortalt

Noreg tek imot flest ukrainarar i Norden

Kom fleire til landet enn til Sverige og Danmark til saman i september.

29.10.2024

(NPK-NTB): Noreg held fram med å ta imot betydeleg fleire ukrainske flyktningar enn nabolanda våre, trass i innstrammingar, melder NRK.

I september fekk Noreg 2128 ukrainske flyktningar, Danmark 1013 og Sverige 828, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Den 27. september kunngjorde regjeringa nye tiltak for å avgrense innvandringa frå Ukraina, blant dei at flyktningar frå seks fylke vest i Ukraina ikkje lenger har krav på kollektivt vern. Likevel kom det fleire ukrainske flyktningar enn til Noreg enn til både Danmark og Sverige til saman i september.

– Det viser at Noreg fører ein altfor naiv politikk, seier Framstegspartiets innvandringspolitiske talsperson Erlend Wiborg til NRK.

Han meiner høgare ytingar til flyktningar i Noreg tiltrekkjer seg fleire ukrainarar enn til dei andre nordiske landa.

– Det må vere ei viss byrdefordeling. Vi må sørgje for at norske ytingar aldri er høgare enn i nabolanda, seier Wiborg.

Wiborg kritiserer også at Noreg gir vern til stridsdyktige ukrainarar.

– Vi kan ikkje akseptere at personar som unndreg seg militærteneste får vern i Noreg, seier Wiborg.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) meiner Frps krav vil føre Noreg i feil retning.

– Å lage eit system som gjer det vanskelegast mogleg for dei som kjem hit, slik Frp ønskjer, er ikkje løysinga, seier Brenna.

Ho peikar på at ytingane, som Wiborg viser til, er midlar som flyktningane får medan dei deltek i eit program som førebur dei på arbeidslivet.

(©NPK)

Publisert: 29.10.2024 09:37

Sist oppdatert: 29.10.2024 09:37