Kort fortalt

Noregs Bank set opp styringsrenta

Varslar ytterlegare renteauke.

21.03.2019
NPK-NTB: Noregs Bank set opp styringsrenta frå 0,75 til 1 prosent og varslar ytterlegare renteaukar.
– Det er god vekst i norsk økonomi, og kapasitetsutnyttinga synest no å vere litt over eit normalt nivå. Den underliggande prisveksten er litt høgare enn inflasjonsmålet. Uvissa om utviklinga internasjonalt og om verknadene av pengepolitikken talar for å gå varsamt fram i rentesettinga. Samla sett tilseier utsiktene og risikobildet at renta blir gradvis auka framover, heiter det i ei pressemelding frå Noregs Bank.
Ifølgje sentralbanken ser oppgangen i norsk økonomi ut til å vere sterkare enn tidlegare antatt.
– Slik vi no vurderer utsiktene og risikobildet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett vidare opp det neste halve året, seier sentralbanksjef Øystein Olsen.

Publisert: 21.03.2019 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35