Kort fortalt

Trur renta skal vidare opp

Høgaste nivå på 15 år.

04.05.2023

(NPK-NTB): Rentehevinga på 0,25 prosentpoeng til 3,25 prosent torsdag, er i tråd med signala sentralbanken gav i mars.

– Vurderinga til komiteen er at det er behov for ei høgare rente for å dempe inflasjonen, heiter det i grunngivinga

Ikkje sidan 2008 har styringsrenta vore høgare, ifølgje NRK.

Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet har einstemmig vedteke å heve styringsrenta med 0,25 prosenteiningar til 3,25 prosent.

– Dersom krona held seg svakare enn lagt til grunn eller presset i økonomien held fram, kan det bli nødvendig med ei høgare rente enn vi tidlegare har sett for oss, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Komiteen signaliserer at styringsrenta mest sannsynleg blir sett vidare opp i juni.

– Prisveksten er høg og klart over målet på 2 prosent. Veksten i norsk økonomi har minka, men aktiviteten er framleis høg. Arbeidsmarknaden er stram, og lønnsveksten ser ut til å bli høgare enn i fjor, heiter det frå Noregs Bank.

Forbrukarorganisasjonen Huseierne meiner det er uheldig med rentehving, før ein har sett verknaden av den førre.

– No i vår har norske hushald opplevd ein sterk kostnadsauke gjennom kraftig auka kommunale avgifter, ein høg straumpris og høge prisar generelt. I ein slik situasjon meiner vi det hadde vore best å vente, seier forbrukar- og kommunikasjonssjef Carsten Henrik Pihl i ei pressemelding.

Bankane har seks vekers varslingsfrist for rentehevingar, og dermed vil auken frå mars først påverke dei med bustadlån no i mai.

Publisert: 04.05.2023 12:12

Sist oppdatert: 04.05.2023 12:12

Mer om