Kort fortalt

Noregs største klimasatsing blir utvida

Stort steg vidare for karbonlagringsanlegg.

17.06.2025

(NPK-NTB): Langskip, Noregs største klimasatsing, tok eit stort steg vidare tysdag då planane for utviding av karbonlagringsanlegget i Øygarden vart godkjende.

– Dette er enormt viktig. Vi når ikkje klimamåla utan storskala CO2-handtering, seier energiminister Terje Aasland (Ap).

På ein storstilt konferanse i Operaen i Oslo vil kronprins Haakon og energiministeren vere til stades for å markere at karbonlagringsanlegget blir sett i drift.

Northern Lights inngår i klimasatsinga Langskip. Dette blir beskrive som den første storskala-systemet i verda for fangst og langring av CO2.

Ved anlegget i Øygarden utanfor Bergen skal fanga CO2 mellomlagrast før det blir sendt gjennom ein røyrleidning til injeksjonsbrønnar på havbotnen.

Energidepartementet har no godkjent utbyggingsplanane for fase to på anlegget. Det betyr at kapasiteten for transport og lagring av CO2 blir auka frå 1,5 til 5 millionar tonn per år.

Landanlegget i Øygarden får ny kai, fleire lagringstankar og auka pumpekapasitet. Talet på injeksjonsbrønnar til havs aukar frå to til fire.

– At Northern Lights har vedteke å investere i kapasitetsutvidinga, på reint forretningsmessig grunnlag, er ein milepæl i arbeidet med å motverke klimaendringane og å gjere CO2 -lagring til ei ny norsk havnæring, seier Aasland i ei pressemelding.

Det er også gjort ein avtale om at anlegget skal ta imot 0,9 millionar tonn CO2 frå eit bioenergiverk i Stockholm-regionen. Aasland meiner ein no ser verdien av at staten har investert i grøn og umoden teknologi i startfasen.

– No har vi komne dit at Noreg kan tilby CO2 -lagringstenester til europeiske selskap med store punktutslepp, på kommersielle vilkår. Dette gir store moglegheiter, seier Aasland.

Investeringa i denne utvidinga er på 7,5 milliardar kroner. EU har gitt støtte på 131 millionar euro. Resten av finansieringa kjem frå selskapet sjølv, utan støtte frå den norske staten, skriv Energidepartementet.

(©NPK)

Publisert: 17.06.2025 09:45

Sist oppdatert: 17.06.2025 09:45

Mer om