Kort fortalt

Noregsferie også i år

82 prosent trur ferien blir i Noreg.

10.03.2021

NPK-NTB: Vi droppar utanlandsturen i år òg. Meir enn fire av fem nordmenn trur at sommarferien berre blir i Noreg i år. Samtidig seier rekordmange av oss ja til vaksine.

Over 14.000 er spurde om sommarplanane sine hos Norsk koronamonitor frå Opinion. 82 prosent trur at sommarferien blir i Noreg. Berre 6 prosent seier nei til dette, medan resten veit ikkje.

Samtidig viser koronamonitoren at delen av nordmenn som ønskjer seg den etterlengta vaksinen, aukar markant. I mars seier 85 prosent at dei vil ta vaksine. Berre 7 prosent seier nei.

– Ønske om å ta vaksine aukar raskt og kraftig i befolkninga. Tilliten til tempoet på vaksinasjonen går samtidig motsett veg, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

19 prosent seier dei har tillit til at tempoet på vaksinasjonen i Noreg er effektiv, medan 60 prosent svarer nei. Tilliten er altså på botn. Delen i befolkninga som har tillit til tempoet, er 12 prosentpoeng under februar.


Publisert: 10.03.2021 07:58

Sist oppdatert: 10.03.2021 08:01

Mer om