NPK: Norled har sikra seg kontrakt om å levera ein spesialdesigna hurtigbåt til Sjøfartstenesta til Fiskeridirektoratet.
Den nye hurtigbåten blir hybriddriven og kan gå på batteri eller ein kombinasjon av diesel og elektrisk drift, fortel selskapet i ei pressemelding.
Det heiter vidare at fartøyet blir utrusta med eit firemotorsdriftssystem med eit reinsesystem for eksos som tilfredsstiller dei høgste krava til utslepp.
– Vi er utruleg glade for å vinna fram med konseptet vårt med søkjelys på miljø, kvalitet og pris, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden.
Ho fortel at det er første gongen Norled designar og driv eit fartøy for Fiskeridirektoratet, men at fartøyet har parallellar til mange av dei andre hurtigbåtane til selskapet med hybridløysingar.
Spesialfartøyet dei no skal laga for Fiskeridirektoratet, skal brukast til kontroll av fiske, rydding av tapte fiskereiskapar og innsamling av kystnære data.
Fartøyet skal byggjast av Oma Baatbyggeri som er eigd og blir drifta av Norled, og får mellom anna eit stort lastedekk med løftekranar og eit eige laboratorium om bord. Skipet blir 39 meter og får ein toppfart på om lag 33 knop, og skal vera leveringsklart første kvartal neste år.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen ser fram til det nye fartøyet kan takast i bruk.
– Med dette fartøyet vil Sjøtenesta kunne utføra oppdrag langs heile norskekysten, og vera operativt heile året. Eg er glad for at oppdraget gjekk til eit norsk verft, og eg vil gratulera Fiskeridirektoratet med ei nødvendig og viktig oppgradering, seier Ingebrigtsen i ei pressemelding.

Publisert: 26.01.2021 15:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23