Jonas Gahr Støre på V Ard Langsten foto Ogne
Jonas Gahr Støre under eit besøk hos Vard Langsten. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Oss og dei-tenking frå Jonas Gahr Støre

Statsministeren inviterer ikkje akkurat til forlik i skattepolitikken.

10.08.2025

ANALYSE

Då Ap/Sp-regjeringa lanserte grunnrenteskatt på sjøbasert oppdrett i 2022 skreiv eg om ein kollisjon mellom tenkesett: Er det best at pengane tek vegen innom statskassa, eller satse på at pengane kjem mange til nytte også om bedriftseigarane får styre pengane sjølve?

Hos Ap og støttepartia ser det ut til at svaret er ja, hos opposisjonen nei. 

No har statsministeren demonstrert poenget om kolliderande tenkesett på nytt i eit intervju med TV2 som han sjølv har lagt ut lenke til på Linkedin

Denne gangen gjeld det debatten om formuesskatten, som mellom andre Roger Hofseth, Lars Oscar Fossen Øvstegård, Knut Flakk og Olaug Brunstad har greidd å gjere til eit viktig valkamptema. 

Støres skatteoppgjør er tittelen TV2 har sett på intervjuet. Her er eit utdrag. Spørsmåla er TV2 sine: 

"En sentral kritikk av formuesskatten har vært at eiere må betale den selv om bedriften går med underskudd. 
Den kritikken avviser statsministeren. 
– Er det rettferdig? 
– Det er rettferdig at de med store formuer betaler formuesskatt, sier Støre. 
– Selv om eieren da kan bli tvunget til å tappe en bedrift som går med underskudd, for egenkapital?
– Men en bedrift som går med underskudd, må også stille seg spørsmålet: Har den forutsetning for å fortsette? sier Støre. 
– Det er ikke slik at hver gang en bedrift kommer i underskudd, så skal vi da gå inn og se på hva eierne skal slippe å bidra med til fellesskapet. 

Her er retorikken dei (bedriftseigarane) og oss (alle andre).

Då grunnrenteskatten vart varsla var det retoriske grepet slik: Nokon tener milliardar på felles naturressurar (Det er er urimeleg). Fellesskapet skal får meir av verdiane (Det er rettferdig).

NettNo har denne veka skrive artiklar om resultatet til Spilka Composites, som eigarane held gåande i 26 år før det vart overskot. Om Effee, som er i raskt vekst mellom anna gjennom oppdrag for oljebransjen, men som har gått med over 40 millionar i minus dei to siste åra. Om skipsdesignselskapet Marin Teknikk som aukar bemanning trass minusår etter stor utviklingskostnadar. Og om Lerøy Norway Seafoods som driv fiskeindustri i Nord-Noreg og ikkje har gått i pluss sidan 2012. 

Har dei føresetnadane for å fortsette? 

Er det ein fordel om eigarane bak ikkje berre har viljen, men også evna til på halde dei gåande?

Eller burde dei avvikle?

Akkurat som i striden rundt grunnrenteskatten for oppdrett er det to motstridande måtar å tenke også i spørsmålet om formuesskatt:

Frå Ap og støttepartia handlar det om utjamning og såkalla rettferdig fordeling av skattebyrda, hos opposisjonen at dette i realiteten er ein skatt som råkar norskeigde bedrifter og svekkar evne og vilje til nyskaping og investeringar. 

Med så fundamentalt ulike forståing om kva formuesskatten er og verknaden av den er underleg om det er grunnlag for eit breitt forlik om skattepolitikken, slik finansminister Jens Stoltenberg inviterte til tidlegare i år.

Publisert: 10.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 07.10.2025 15:30