Kort fortalt

Normalisering i bustadmarknaden

Prisane fall i juli

04.08.2021

(NPK-NTB): Bustadprisane fall med 1,1 prosent i juli. Bustadprisane er no 8,5 prosent høgare enn for eitt år sidan. Korrigert for sesongvariasjonar gjekk prisane ned med 0,2 prosent.

– Bustadprisane i Noreg utvikla seg svakt i juli, noko som er normalt for månaden. Juli i fjor var eksepsjonelt sterk både i prisutvikling og omsetning. No er vi tilbake til eit normalt konjunkturforløp i bustadmarknaden, seier administrerande direktør i Eiendom Norge, Henning Lauridsen, i ei pressemelding.

DNB hadde på førehand venta ein auke i prisen korrigert for sesongvariasjonar på 0,5 prosent.

Eiendom Norge spår at prisauken kjem først i august.

– Vi ventar ein liten oppgang i bustadprisane i august, før prisane som normalt vil falle gjennom hausten. Vi trur òg at den varsla renteauken i september frå Noregs Bank vil få betydning for bustadprisutviklinga framover, seier Lauridsen.

Publisert: 04.08.2021 12:09

Sist oppdatert: 04.08.2021 12:11

Mer om