Kort fortalt

Norsk laks gjer svenske av seg

Studie: Norsk oppdrettslaks rømmer til Sverige.

21.12.2021

Rømd oppdrettslaks frå Noreg gyter i vassdrag på den svenske vestkysten og kryssar seg med lokal villaks, ifølgje ein norsk-svensk studie.

Ifølgje Klassekampen har forskarar frå Norsk institutt for naturforsking (Nina) og Sveriges landbruksuniversitet (SLU) undersøkt fem lakseførande vassdrag. I alle er det funne innblanding av rømd oppdrettsfisk.

– Sverige har ikkje lakseoppdrett, og det er ingen tvil om at oppdrettsfisken kjem frå Noreg. Om han kjem frå skotsk oppdrett, har laksen likevel norsk opphav, seier seniorforskar Sten Ola Karlsson ved Nina til avisa.

Forskarane har samla inn prøver av vaksen fisk med mistenkjeleg opphav, og dessutan tilfeldige stikkprøver av ungfisk. Deretter er det genetisk opphavet analysert.

Ifølgje Nina er det første gong det blir dokumentert at oppdrettslaks kan vandre langt frå anlegget dei har rømt frå, men forskarane er ikkje overraska over at det skjer.

– Vi har lenge mistenkt at oppdrettslaks frå Noreg òg søkjer seg opp i vassdrag langs vestkysten av Sverige og gyter. No har vi fått stadfesta mistankane og ser behovet for meir overvaking òg her, seier Stefan Palm, som er forskar ved SLU.

Publisert: 21.12.2021 07:56

Sist oppdatert: 21.12.2021 07:57

Mer om