Laks fordling foto Marius 2
EKSPORT: Fisk som blir eksportert ut av landet, skal ikkje ha sår og skadar. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Norsk laks med sår eksportert ulovleg

Blir selt til fabrikkar i Europa.

03.11.2025

(NPK-NTB): Norsk laks som er merkt med høg kvalitet, har sår og skadar når dei kjem til europeiske fabrikkar, melder NRK.

Medan NRK er til stades på ein europeisk fabrikk som får norsk oppdrettslaks, er det sår eller skadar på fisk i nesten alle kassene som blir opna, melder kanalen.

Tilsette på fabrikken fortel at norsk laks som er merkt med høg kvalitet, ofte kjem med skadar, og at dei ikkje kan sende fisken vidare til kundane sine.

For å sikre kvaliteten og omdømmet til laksen, er det ulovleg å eksportere fisk med

NRK opplyser at dei ikkje oppgir kva fabrikk det er snakk om eller kva for nokre norske aktørar som sender ulovleg merkt laks, fordi fabrikken fryktar at ingen vil selje dei fisk om dei står fram. Bilete NRK har teke på fabrikken, viser fleire laks med misdanningar.

Bransjeorganisasjonane Sjømat Norge og Sjømatbedriftene seier at dei synest det er bra at lovbrot blir avdekt.

– Over tid om du sel noko som gullstandard, når det ikkje er gullstandard, så forstyrrar du jo omdømmet til norsk laks. Det synest vi er alvorleg, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge til NRK.

Han understrekar at regelverket som seier at dette skal feilrettast i Noreg før eksport, skal haldast. Feilretting kan bety å ta av skinnet på fisken, lage filet eller fiskeburgarar.

– I alle bransjar er det nokon aktørar som er meir seriøse enn andre. Eg vil seie at bransjen i og for seg er oppteken av at regelverket skal følgjast, seier Ystmark.

(©NPK)

Publisert: 03.11.2025 10:01

Sist oppdatert: 03.11.2025 10:01

Mer om