Kort fortalt

Norsk rekord i vareeksport

Det er andre månad på rad.

15.09.2021

I august eksporterte Noreg varer for 115,7 milliardar kroner. Dermed vart det sett ny eksportrekord for andre månad på rad, etter ein oppgang på 7,7 prosent.

Eksporten av naturgass er den klart høgaste nokosinne, verd 38,4 milliardar kroner. Saman med eksporten av råolje vart det eksportert for vel 70 milliardar kroner, nesten 61 prosent av den totale eksportverdien i august.

Fastlandseksporten enda på 44,5 milliardar kroner. Dette er ein oppgang på 34,7 prosent frå same månad i fjor, og det er ein oppgang på 4,7 prosent frå juli i år. Det var òg rekordhøg verdi på metalleksporten og høg fiskeeksport.

Statistikken, som kjem frå Statistisk sentralbyrå ( SSB ), viser det femte høgaste månadlege handelsoverskotet nokosinne. Overskotet var 42,6 milliardar i august.

Det vart importerte kapitalvarer, slik som flya F35. Det var høgare importverdi for kjemiske produkt og mineraloljeprodukt.

Frå april til august svekte den norske krona seg. Det kan ha bidrege til auka prisar på importerte varer, målt i norske kroner. Ifølgje Noregs Bank var krona i august på sitt svakaste så langt i år, målt mot valutaene til handelspartnarar.

Publisert: 15.09.2021 08:41

Sist oppdatert: 15.09.2021 08:42