Kort fortalt

Norsk rente ikkje påverka av krigen

Krona mindre svekka enn venta.

28.02.2022

(NPK-NTB): Økonomar ser førebels ikkje teikn til at Russlands invasjon av Ukraina vil endre Noregs Banks plan for årets rentehevingar.

Vanlegvis svekkjer krona seg ved krig. Denne gongen har effekten overraska økonomane, skriv Dagens Næringsliv.

Invasjonen i Ukraina har òg skapt rørsler i dei finansielle marknadene over heile verda, men i Noreg svekkjer den norske krona seg mindre enn venta.

– Krona har svekt seg overraskande lite, faktisk ikkje noko særleg anna enn mot dollar. Grunnen til det er oppgangen i olje- og gassprisane, seier rente- og valutaanalytikar Ingvild Borgen Gjerde i DNB Markets.

Gjerde trur inflasjonen vil auke på kort sikt, men ser førebels ikkje teikn til store endringar i renteutsiktene.

– Kva som skjer med inflasjonen er det få som veit. Men effekten av det som skjer i Ukraina er høgare inflasjon på kort sikt, det er det liten tvil om, seier Gjerde.

Lars Mouland, kreditt- og rentestrateg i Nordea, trur heller ikkje at krigen i Europa vil endre renteutsiktene med det første. Han ventar framleis at Noregs Bank vil heve renta éin gong i kvartalet gjennom året.

(©NPK)

Publisert: 28.02.2022 09:59

Sist oppdatert: 28.02.2022 10:00

Mer om