Kort fortalt

Norske bankkundar langt frå fornøgde

Fersk måling viser historisk låge nivå.

15.09.2025

(NPK-NTB):  Bankbransjen er framleis på historisk låge nivå når det gjeld kundetilfredsheit, ifølgje ei ny undersøking.

– Bankane har hatt gode marginar dei siste åra, samtidig som nordmenn har slite med renteaukar. Det har gitt bankbransjen eit litt frynsete rykte, og det har nok gjort noko med tilliten, seier Fredrik Høst til Dagens Næringsliv.

Han er dagleg leiar i Epsi Norway, som har kartlagt kundetilfredsheita i norske bankar sidan 2003.

- Resultata viser at bankbransjen under eitt framleis er på historisk låge nivå når det gjeld kundetilfredsheit», står det i Epsi-rapporten.

I fjor låg kundetilfredsheita på 66,8 poeng, som er det lågaste nivået målt nokon gong. I målinga i år har talet stige til 67,2.

Ifølgje målinga har Bulder Bank dei mest fornøgde bankkundane i landet, med ei kundetilfredsheit på 81,2. I motsett ende av lista finn vi DNB med 61,5.

Denne utgåva er basert på over 5600 djupneintervju med norske bankkundar.

(©NPK)

Publisert: 15.09.2025 08:48

Sist oppdatert: 15.09.2025 08:48

Mer om