Kort fortalt

Norske griser har vorte feitare

Det har vore ein nedgang i kjøttprosenten hos norske griser.

25.07.2023

Årsaka til nedgangen i kjøttprosenten er ikkje sikker, men Erling Sehested, som er avlssjef i Norsvin, ser ikkje bort frå at avlsarbeidet kan vere ein av faktorane, skriv Nationen.

Kjøttprosenten hos norsk svin har falle med 0,11 prosentpoeng så langt i 2023, sjølv om også slaktevekta har gått nedover, skriv fagbladet Svin. Normalt skal kjøttprosenten gå opp når slaktevekta går ned.

– Det er negativt for slakteriet at kjøttprosenten fell. Vi må skjere bort meir feitt. Samtidig er det stor variasjon i kjøttprosent ute i besetningane, og vi ønskjer finne ut meir av samanhengane, seier dagleg leiar i Furuseth AS Harald Furuseth til fagbladet.

(©NPK)

Publisert: 25.07.2023 09:15

Sist oppdatert: 25.07.2023 09:15

Mer om