Kort fortalt

Må ha høgare beredskap

Underleverandørar er eit svakt punkt, viser rapport frå NSM.

13.02.2023

NPK-NTB:Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) meiner norske verksemder må bli flinkare til å verne seg mot spionasje, sabotasje, terror og andre truslar.

– Vi ser at mange verksemder har vorte flinkare til å prioritere tryggleik, men åtvarar mot å tru at jobben er gjort, seier Sofie Nystrøm, direktør i NSM.

Ein fersk rapport frå NSM viser til at norske verksemder må førebu seg betre og ha høgare beredskap. Truslane blir fleire og meir sofistikerte, og NSM ønskjer derfor at norske verksemder aukar tempoet i tryggingsarbeidet.

– Beredskapen må byggjast før krisa hender, seier Nystrøm.

Rapporten viser at underleverandørar er eit svakt punkt for mange verksemder, og at framande aktørar prøver å kjøpe tilgang til viktig teknologi.

Publisert: 13.02.2023 11:59

Sist oppdatert: 13.02.2023 16:36

Mer om