(NPK-NTB): Eit norskeigd skip er mistenkt for å vere involvert i kabelsabotasje i Austersjøen.
Det norskregistrerte og norskeigde skipet lyder namnet «Silver Dania» og seglar mellom St. Petersburg og Murmansk, opplyser Troms politidistrikt i ei pressemelding. Skipet er teke inn til Tromsø hamn. Mannskapet om bord er russisk.
– Mannskap og reiarlag samarbeider med norske styresmakter og vart med frivillig, opplyser politiet.
– Vi har ikkje gjort noko gale, seier Tormod Fossmark, leiar av bergensreiarlaget Silver Sea, som eig skipet, til Fiskeribladet.
Han forklarer at dei avtalte å leggje til i norsk hamn for å kunne sjekkast ut av saka.
– Det er på bakgrunn av ein førespurnad frå norske styresmakter. Eg forstår det slik at dei ønskjer å sjekke ut alle båtar som har vore i området, seier Fossmark.
Han seier det er overraskande at skipet vart hanka inn av politiet.
– Anten er det dårleg kommunikasjon mellom Utanriksdepartementet og Troms politidistrikt, eller så er det viktig for dei å komme overraskande på, med tanke på å ransake skipet. Ikkje veit eg, seier Fossmark.
Skipet vart hanka inn fredag morgon etter ei rettsoppmoding frå latviske styresmakter.
– Det er mistanke om at skipet har vore involvert i grovt skadeverk på ein fiberkabel i Austersjøen mellom Latvia og Sverige. Politiet er no om bord på skipet for å ransake, gjennomføre avhøyr og sikre spor, heiter det vidare.
PST er rutinemessig orientert om saka.
Publisert: 31.01.2025 13:22
Sist oppdatert: 31.01.2025 13:22