Kort fortalt

Nortura kuttar kraftig

Fjernar over halve vareutvalet.

14.02.2019
NPK-NTB: Nortura skal satse meir på dei produkta som sel best og fjernar godt over 1.000 varer frå sortimentet.
I dag produserer Nortura rundt 2.300 enkeltprodukt. Det talet skal reduserast til rundt 1.000, skriv Nationen.
Strømlinjeforminga av vareutvalet skal gi rom for auka effektivitet og mindre svinn. I dag står dei 340 meste populære produkta for 80 prosent av omsetninga. I motsett ende av popularitetsskalaen genererer 1.100 varer berre 1 prosent av omsetninga.
– Det seier seg sjølv at vi ikkje kan fortsetje med det. Det møter vi forståing for også hos daglegvarekjedene, seier konstituert visekonsernsjef Lisbeth Svendsen i eit brev frå Nortura til bøndene som eig samvirkebedrifta. I det same brevet forklarer sals- og marknadsdirektør Harald Bjerknes den nye satsinga.
– Vi må ha eit godt sal av volumprodukt for å ta vare på råvareavsetninga til eigarane våre og sørgje for effektivitet i produksjonen. Derfor må vi ha meir fokus på volum- og kjerneprodukt, i staden for å auke talet på produkt.
Effektiviseringa skal gi effekt mot slutten av året.

Publisert: 14.02.2019 08:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36