Kort fortalt

Har fullført oppkjøpet av Widerøe

Norwegian har blitt eineeigar i flyselskapet.

12.01.2024

NPK-NTB/NETT NO: Norwegian har no formelt gjennomført oppkjøpet og vorte eineeigar av Widerøe.

– Kjøpesummen på 1125 millionar kroner er framleis gjenstand for visse justeringar som vil bli endeleg fastsette på eit seinare tidspunkt, opplyser selskapet i ei børsmelding fredag.

Norwegian kunngjorde i juli i fjor at dei hadde inngått avtale om å kjøpe Widerøe. Konkurransetilsynet godkjende oppkjøpet i desember.

Planen er at Widerøe framleis skal bestå som eige flyselskap, med eiga merkevare, organisasjon og med hovudkontor i Bodø.

Widerøe hadde ein aksjonær, Wf Holding, som i sin tur er eigd av selskapa Flyco (66 prosent) og ferjeselskapet Fjord 1 (34 prosent).

I samband med salet av ferjereiarlaget Fjord1 blir Fjord1 sine aksjar i Widerøe ikkje med på kjøpet.

Inntil Fjord 1-salet er gjennomført er Fjord 1 eigd 50/50 av Runde Holdco og Havilafjord. Havilafjord er eigd av Per Sævik og familiens holdingselskap, Havila Holding.

Publisert: 12.01.2024 14:09

Sist oppdatert: 12.01.2024 14:10