Norwegian og Widerøe samarbeider
Kan snart reise på same billett.
– Kombinasjonen av Widerøes nettverk langs kysten og i Nord-Noreg og Norwegians store tilbod i heile Europa vil skape mange nye reisemoglegheiter for dei felles kundane våre, seier konsernsjef Stein Nilsen i Widerøe.
Avtalen mellom dei to flyselskapa vart gjorde kjend tysdag.
Nilsen ser for seg at den første «gjennomgåande reisa» vil skje til seinhausten eller tidleg vinter. Frå før har Widerøe liknande samarbeidsavtalar med 65 andre flyselskap, blant dei SAS.
Sjølv om SAS og Norwegian er konkurrentar, ser ikkje Nilsen for seg at samarbeidet med SAS kjem til å forandre seg. Det sa han på eit pressetreff tysdag.
– Vi ser ingen grunn til at dette skal ha innverknad på samarbeidet vi har med SAS.
Flyselskapet tek risiko
Med den nye avtalen vil flyselskapa ta ein større del av risikoen viss noko skjer i løpet av reisa.
– Skulle det skje noko undervegs, er det flyselskapet som tek ansvar for at kunden kjem heilt fram, ifølgje Nilsen.
Avtalen som no er inngått, er ein intensjonsavtale, som betyr at mange av detaljane i avtalen framleis ikkje er bestemd.
Mellom anna er det ikkje kjent korleis opptening av cashpoints hos Norwegian skal gå føre seg.
– Det er litt tidleg å komme med detaljar om det no, seier konsernsjef Geir Karlsen i Norwegian.
Den eksisterande avtalen om opptening av eurobonuspoeng på reiser med Widerøe og SAS vil bestå.
– Felles interesse
Karlsen kallar avtalen for historisk.
– Sjølv om mykje av innhaldet enno er i støypeskeia, har vi hatt ein god dialog i fleire månader allereie og diskutert mange ulike område der vi har ei felles interesse i å samarbeide.
Widerøe vil vere først ute med å tilby «gjennomgåande billettar», men også Norwegian har planar om å innlemme Widerøe-flygingar i si bestillingsteneste.
Ifølgje Nilsen har billettsamarbeidet ingen samanheng med SAS-streiken.
– Denne prosessen starta lenge før det, seier han.
(©NPK)
Publisert: 12.07.2022 12:30
Sist oppdatert: 12.07.2022 12:45