Geir karlsen norwegian foto Thomas Brun NTB
SUNNMØRING: Geir Karlsen tok over som konsernsjef i Norwegian etter at Jacob Schrams fekk fyken i 2021. Foto: Thomas Brun NTB / Kommunikasjon
Kort fortalt

Norwegian-sjefen: –Uføreseieleg marknad

Flyselskapet krympa tapa og stig på børs.

Marius Rosbach
28.04.2026

(NPK-NTB-NETT.NO): Flyselskapet Norwegian fekk eit resultat før skatt på -459 millionar kroner i første kvartal i år, samanlikna med −756 millionar kroner før skatt i same periode i fjor.

Det kjem fram i kvartalsrapporten for første kvartal som vart lagt fram tysdag.

Investorane på Oslo Børs svara med å sende Norwegian-aksjen opp kring 5,5 prosent til drygt 14 kroner aksjen i starten av handelen tysdag. Flyselskapet har opplevd turbulens på børsen som følgje av oljekrise og verdien har falle med kring 20 prosent så langt i år. 

– Sjølv om me er glade for at den samla etterspurnaden er god, navigerer me i ein kompleks og uføreseieleg marknad med både økonomisk og politisk uvisse. Trass i dette hadde me ei positiv utvikling i første kvartal, med stabil og påliteleg drift og god kostnadskontroll, seier Geir Karlsen, konsernsjef i Norwegian i ei børsmelding.

Tala inkluderer òg flyselskapet Widerøe, som har vore konsolidert sidan januar 2024 etter at oppkjøpet vart godkjent i desember, 2023.

Norwegian-konsernet hadde 5,2 millionar passasjerar i første kvartal, og 4,2 millionar for Norwegian og 0,9 millionar for Widerøe. Norwegians fly hadde ei fyllingsgrad på 87,6 prosent, ein auke på 5,2 prosentpoeng frå same periode i fjor, medan Widerøe hadde ei fyllingsgrad på 70,2 prosent.

(©NPK)

Publisert: 28.04.2026 10:32

Sist oppdatert: 28.04.2026 10:32

Mer om