Geir karlsen norwegian foto Thomas Brun NTB
SUNNMØRING: Geir Karlsen tok over som konsernsjef i Norwegian etter at Jacob Schrams fekk fyken i 2021. Foto: Thomas Brun/NTB
Nytt

Børsdagen: Sunnmøring flyg høgt på børs

Investorane likar det Geir Karlsen gjer med Norwegian. Sjekk børstabellen for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
21.02.2024

Onsdag var ein dag utan større hendingar for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Difor rettar vi blikket mot flyselskapet Norwegian, som blir leia av Geir Karlsen frå Sykkylven.

Selskapet har ein kursoppgang på meir enn 60 prosent så langt i år, godt hjelpt av gode kvartalstal som ble lagt fram førre veke. Utviklinga får Barclays-analytikar Andrew Lobbenberg til å auke kursmålet frå 19 til 24 kroner, ifølgje Finansavisen.

Analytikaren grunngjev auken med at han trur Norwegian vil kome godt ut av Widerøe-kjøpet som formelt blei gjennomført førre månad. Flyselskapet betalte kring 1,1 milliardar kroner. Nokre av dei pengane tek også vegen til Sunnmøre, ettersom Sævik-familien har vore medeigarar i Widerøe.

Norwegian-aksjen var mellom dei mest omsette på Oslo børs onsdag, men fekk ein liten nedtur med eit fall på 0,48 prosent.

Karlsen kom frå stillinga som finansdirektør då han tok over leiinga av selskapet i 2021. Då hadde han leia den økonomiske ryddejobben selskapet måtte gjennom i åra før.

Av dei børsnoterte selskapa med adresse på Nordvestlandet, var det Norva24 som hadde den beste utviklinga onsdag. Aksjekursen gjekk opp kring 5,7 prosent til 28,55 kroner.

Selskapet som spring ut industrimiljøet i Stryn er notert på børsen i Stockholm, og legg fram kvartalstal på fredag.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Norva 24 Group* 28,55 kr 5,74 %
Hexagon Composites kr 20,48 2,91 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,46 2,82 %
Salmon Evolution kr 6,54 1,08 %
Havila Shipping kr 4,64 0,32 %
Hav Group kr 11,40 0,00 %
Statt Torsk kr 0,53 0,00 %
Hofseth Biocare kr 2,38 -0,42 %
Sparebanken Møre kr 86,00 -0,58 %
Endúr kr 42,00 -1,18 %
Hexagon Purus kr 7,08 -1,26 %
Arctic Bioscience kr 10,25 -2,38 %
Havila Kystruten kr 0,83 -2,82 %
Atlantic Sapphire kr 1,46 -3,18 %
* Kurs i SEK

Publisert: 21.02.2024 17:08

Sist oppdatert: 21.02.2024 18:16

Mer om