Kort fortalt
NTNU-studentar skal hjelpe Geiranger
Skal finne miljøvennlege løysingar.
16.06.2021
(NPK): Studentar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) skal i sommar finne miljøvennlege løysingar for sjøområda rundt Geirangerfjorden.
Målet er at området skal bli ein meir miljøvennleg turistattraksjon, fortel NRK.
Studentane skal mellom anna sjå på plassering av nye kaianlegg for dei store turistskipa som går på fossilt brennstoff. Turistane skal flyttast over til mindre fartøy som ikkje forureinar fjorden.
Bakgrunnen for prosjektet er at verdsarvfjordane våre skal ha nullutslepp frå 2026.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 16.06.2021 15:39
Sist oppdatert: 16.06.2021 15:41