Kort fortalt

NVE: Isbreane minkar i alle fylke

Bre i Møre og Romsdal er nesten vekke.

10.02.2022

Isbreane minkar i alle fylke på grunn av klimaendringar. Sidan førre kartlegging frå NVE har fleire isbrear forsvunne, eller er i ferd med å forsvinne.

Det totale brearealet i Noreg er på 2.328 kvadratkilometer, noko som er 14 prosent mindre enn i perioden 1999 til 2006.

Det viser ei ny kartlegging gjort av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– Kartlegginga viser at nokre små breeiningar har vorte borte sidan førre kartlegging, alle desse ligg i Nord-Noreg. I tillegg er mange små brear og fenner vorte nesten borte, seier breforskar Liss M. Andreassen i NVE.

Breifonn, Rogalands største isbre, og Vegdalsisen i Nordland er blant breane som er i ferd med å forsvinne heilt. Ein annan bre som nesten har forsvunne sidan førre kartlegging, er ein liten bre i Møre og Romsdal.

Nokre brear har minka slik at delar har vorte skilde frå hovudbreen. Det gjeld mellom anna Simlebreen nord for Svartisen i Nordland og Hardangerjøkulen i Vestland. Hardangerjøkulen har i areal minka med drygt 20 prosent.

Den største endringa i breareal er registert i Nordland, der breane minka med 186 kvadratkilometer, eller 20 prosent, følgd av Vestland med eit bretap på 91 kvadratkilometer (8 prosent) og Troms og Finnmark med eit tap på 64 kvadratkilometer (24 prosent).

Rogaland og Vestfold og Telemark har minka mest i prosent, 71 i Rogaland og 56 prosent i Vestfold og Telemark.

Publisert: 10.02.2022 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2022 10:00