Kort fortalt

NVE trur batteri blir viktigare i kraftsektoren

NPK
23.03.2026

(NPK): NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat, ventar at batteri vil få ei stadig viktigare rolle i energisystemet, særleg i kraftsektoren.

Derfor legg NVE no fram eit nytt arbeid som presenterer status og ulike verkemåtar for batteri i energi- og kraftsystemet. Samstundes lanserer dei ein ny søknadsrettleiar for dei som skal søkje om løyve til å byggje batterianlegg.

Det har vore ein batteriboom i verda dei siste åra. Frå 2020 til 2025 vart energilagringskapasiteten til litium-ion-batteri globalt, seksdobla. Utviklinga har vore driven av transportsektoren, men batteri i kraftsystemet veks rakst.

– I Noreg har vi god tilgang på vatn som kan lagrast i vassmagasin og kan brukast til å produsere kraft når vi treng det. Nye batteriløysingar vil gjere det enklare å lagre kraft, også frå annan kraftproduksjon, heiter det i ei pressemelding frå NVE.

– Batteri vil få ei stor betydning for kraftsystemet globalt. Framover ventar vi at batteri vil spele ei viktig rolle også i Noreg, både i kraftmarknaden og i drifta av kraftnettet, seier Inga Nordberg, direktør i konsesjonsavdelinga i NVE.

NVE har publisert tre faktaark som gir ei oversikt over batterianlegg i energi- og kraftsystemet. Dette for å gi innsikt i utviklinga av teknologi og kostnader, korleis batteri kan brukast i kraftmarknaden og i kraftnettet i dag, og kva rolle dei er venta å spele framover.

– Vi ser alt auka bruk av batteri i Noreg, blant anna til å effektivisere drifta av kraftnettet. Med erfaringa frå fleire pilotprosjekt og rask utvikling i batteriteknologi og – kostnader, kan batteri også vere med på å auke beredskapen i kraftsystemet, seier Nordberg vidare

(©NPK)

Publisert: 23.03.2026 11:12

Sist oppdatert: 23.03.2026 11:12

Mer om