Ny AIS-satelitt blir skoten opp
Satellitten skal styrkje norsk skipsovervaking.
Klokka 3.50 norsk tid torsdag 29. april forlèt satellitten etter planen Europas oppskytingbase i Kourou, Fransk Guyana, opplyser Forsvarets forskingsinstitutt.
Mikrosatellitten skal bidra til å halde oppe konstellasjonen for maritim trafikkovervaking i Noreg. I dag består denne av fire mikrosatellittar, men alle har passert den forventa levetida si.
Til liks med forgjengarane sine er NORSAT-3 utstyrt med ein AIS-mottakar om bord for å fange opp signal frå skip i havområda.
Kystverket bruker AIS-informasjon til å overvake og kontrollere skipstrafikken både langs kysten og i store havområde. Med ny teknologi vil den nye satellitten gi eit meir utfyllande bilete.
Publisert: 27.04.2021 10:55
Sist oppdatert: 27.04.2021 10:57