Kort fortalt

Ny driver ved hotell i Stryn

Har planar om heilårsdrift.

10.05.2022

Rune Nygård er tilbake i Nordfjord, over 30 år etter at han flytta. No skal han vere dagleg leiar ved Olden Fjordhotel, ifølgje Sunnmørsposten.

Han har ein plan om etter kvart å halde hotellet ope heile året, og vil gradvis utvide hotellet.

– Eg er svært glad for at eigarane er ambisiøse, og har god økonomi. Dette er ikkje noko nytt hotell. Men vi håper og trur at gjestane likar den nostalgiske retrostilen, seier han til avisa.

Publisert: 10.05.2022 21:40

Sist oppdatert: 10.05.2022 21:41

Mer om