Kort fortalt

Ny krisepakke frå regjeringa

Blir lagt fram fredag.

17.03.2022
(NPK-NTB): Ap-Sp-regjeringa legg fredag fram ein omfattande krisepakke for å handtere følgjene av Ukraina-krigen.

Det stadfestar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) overfor VG.

– Ja, vi har bestemt oss for ei brei satsing innanfor ei rekkje av desse områda. Det gjeld folks tryggleik i ein utrygg situasjon med krig i Europa, seier Vedum.

Det var NRK som først melde om den nye krisepakken, som vil dekkje forsvar, sivil beredskap, sanksjonar og flyktningsituasjonen.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skal halde ei forklaring for Stortinget om krigen i Ukraina fredag klokka 9. Regjeringa har deretter invitert til ein pressekonferanse klokka 11.15.

Etter det NTB kjenner til, vil krisepakken innehalde tiltak for å hjelpe kommunane handtere tilstrøyminga av flyktningar frå Ukraina, og for å setje helsevesenet i stand til å gi flyktningane den helsehjelpa dei treng.

I tillegg kan det ventast ein betydeleg auke i forsvarsløyvingane.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) stadfesta allereie onsdag at det vil komme meir pengar til Forsvaret. Ifølgje han vil det mellom anna handle om å auke aktiviteten i nord.

– Der gjer vi tiltak både på militær og sivil sektor, sa Enoksen.

(©NPK)

Publisert: 17.03.2022 13:17

Sist oppdatert: 17.03.2022 13:18

Mer om